Regjeringa løyver 6 milliardar til kampen mot korona

I statsbudsjettet for neste år er det sett av nær 6 milliardar kroner ekstra for å handterte koronapandemien. Av desse skal 3,8 milliardar gå til vaksinekjøp.
innenriks

I alt 3,8 milliardar kroner blir sette av til førehandsavtalar om vaksinelevering og vaksinasjon, 1,1 milliardar skal gå til eit beredskapslager for legemiddel og 650 millionar til testing ved grenseovergangar, skriv VG.

Løyvinga kjem i tillegg til det ordinære helsebudsjettet og andre krisepakkar.

– Det betyr forhåpentlegvis at vi får testa fleire og spora smitte, altså at strategien kjem til å verke. I tillegg har vi sett av mykje pengar til å kjøpe vaksinar, slik at vi kan kjøpe nok vaksinar til å vaksinere oss om vi får tak i det, seier statsminister Erna Solberg (H) til avisa.

(©NPK)