Dobling i talet på sjølvmordstelefonar til Kirkens SOS

Talet på samtalar til Kirkens SOS-telefon om sjølvmord har dobla seg sidan mars. No håpar dei at ekstrastøtta dei fekk tidlegare i år, blir vidareført.
innenriks

– Vi merka då koronaen slo inn at veldig mange som hadde problem frå før, fekk det endå vanskelegare. Samtalane har vorte lengre og innhaldet mørkare. Talet på samtalar som handlar om sjølvmord, har dobla seg sidan mars, seier nestleiar Karl Dag Bærug i Kirkens SOS Bjørgvin til avisa Dagen.

Framleis klarer dei berre å svare rundt 60 prosent av dei som tek kontakt.

Etter Ari Behns sjølvmord i jula i fjor løyvde regjeringa fem millionar kroner ekstra til både Kirkens SOS' og Mental Helses krisetelefonar.

No håpar Kirkens SOS at støtta, som kom på toppen av dei 20 millionane dei fekk gjennom det ordinære statsbudsjettet, blir vidareført på budsjettet for neste år som blir lagt fram 7. oktober.

Bærug seier at dei fem ekstra millionane er viktige.

– Det gjer at vi kan bruke mindre tid og ressursar på reklame og innsamlingar, og meir tid på å hjelpe folk som treng det.

(©NPK)