Astma og kols dreg opp talet på reinnleggingar på norske sjukehus

Det har vore ein svak auke i talet på reinnleggingar på norske sjukehus dei siste åra. Pasientar med astma og kols dreg opp talet, ifølgje FHI-rapport.
innenriks

Av totalt 81.416 primærinnleggingar i sjukehus i 2019, vart over 13.000 av dei følgd av ei akutt reinnlegging innan 30 dagar. Dette er ein svak auke på 0,5 prosentpoeng frå 2015, då det var 11.471 reinnleggingar og totalt 75.750 primæropphald, ifølgje undersøkinga frå Folkehelseinstituttet.

Pasientar med astma og kols har størst sannsyn for å bli innlagde på nytt, med 29,4 prosent.

– Det viser seg at nokre pasientar er gjengangarar, det vil seie at nokre få pasientar står for mange reinnleggingar. Totalt for 2019 har vi registrert at nesten 40 pasientar med astma/kols har hatt ti eller fleire innleggingar kvar, medan rundt 750 pasientar hadde frå tre til ni innleggingar kvar, seier forskar Doris Tove Kristoffersen i ei pressemelding.

(©NPK)