Sørlending funnen i gruve døydde truleg av drukning

Ørjan Solum vart funnen død i Steinsåsgruvene i Arendal i mai. Ifølgje obduksjonsrapporten er den trulege dødsårsaka drukning. Det er ingen mistenkte i saka.
innenriks

Obduksjonsrapporten viser at Solum truleg døydde av drukning, men konkluderer med at dødsårsaka framleis er uviss. Det skriv NRK.

Politiet ønskjer ikkje å sjå bort frå om dødsfallet kjem av noko kriminelt, sjølvmord eller eit uhell. Etterforskinga går føre seg i samarbeid med Kripos.

Solum, som då var 24 år gammal, vart sist sett i eit bustadområde i nærleiken 25. mars.

Politiet sette i gang søk i Steinsåsgruvene måndag 18. juni og fann ein død mann under vatn dagen etter. Gruvene var ein naturleg stad å leite sidan dei ligg i nærleiken av der Solum sist vart sett.

(©NPK)