Poliklinikk på Oslo-sjukehus stengt etter koronasmitte

Ein poliklinikk for ME-pasientar på Aker sykehus i Oslo er stengd etter at ein tilsett vart koronasmitta. I tillegg er ein tilsett på Bærum sykehus smitta.
innenriks

Oslo universitetssjukehus opplyser til VG at Aker-klinikken held stengt fram til måndag. 13 tilsette er sett i karantene.

Vidare skriv Budstikka at ein sjukehustilsett i Bærum har vorte smitta utanfor arbeid. Vedkommande hadde ikkje nærkontakt med kollegaer.

– Ingen pasientar eller andre tilsette er sette i karantene, og smitten får ingen andre konsekvensar for Bærum sykehus, seier kommunikasjonssjef Hege Frostad Dahle i Vestre Viken HF.

I tillegg er ein tilsett på Klinikk for psykisk helse og rus smitta. Fire pasientar og sju andre tilsette er sette i karantene. Det er ikkje kjent kva avdeling det gjeld.

(©NPK)