Matsvinnet redusert etter koronautbrotet

Ifølgje ferske undersøkingar kastar vi mindre mat etter koronautbrotet, og ein ny rapport viser at meir overskotsmat blir redda av matsentralane.
innenriks

To undersøkingar gjennomført av Nofima og Opinion viser at mellom 25 og 42 prosent av forbrukarane kastar mindre mat etter koronautbrotet.

Halvparten av dei spurde seier dei har vorte meir klar over ikkje å kaste mat, og færre butikkturar er den viktigaste årsaka til at det blir kasta mindre mat enn tidlegare. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) er fornøgd med utviklinga.

– Koronautbrotet har gjort oss alle meir medvitne på matproduksjon og matforsyning, seier ho.

Begge undersøkingane gir òg opp meir tid i heimen til både matlaging og måltid som viktige årsaker til at det har vorte mindre matsvinn.

Mengda overskotsmat som blir redistribuert av matsentralane har auka med 24 prosent under koronautbrotet, ifølgje ein ny rapport frå Matsentralen Noreg.

(©NPK)