Byrådet i Bergen forlengjer koronatiltaka i byen

Byrådet i Bergen har etter råd frå FHI valt å forlengje koronatiltaka til og med tysdag 22. september. Det er meldt om 27 nye smitta det siste døgnet.
innenriks

Byrådet hadde onsdag formiddag eit møte med Folkehelseinstituttet (FHI), der tilrådinga kom.

– Situasjonen er framleis uoversiktleg, og det er kritisk å avgrense ytterlegare smittespreiing, seier byrådsleiar Roger Valhammer (Ap).

Tilrådingane om heimekontor og bruk av munnbind på kollektivtransport der ein ikkje kan overhalde 1-meterregelen gjeld òg fram til neste tysdag.

– Mindre inngripande

– Ei forlenging av tiltaka i nokre få dagar vil vere mindre inngripande overfor befolkninga og næringslivet i byen enn dersom smitteutbrotet eskalerer på nytt og det igjen må innførast nye og eventuelt meir inngripande tiltak, seier byrådsleiaren.

Det vart frå tysdag til onsdag registrert 27 nye koronasmittetilfelle i Bergen. Det er to fleire enn kva som vart registrert dagen før.

32 nye tilfelle kvar dag

Det er til no registrert 1.272 stadfesta smittetilfelle i Bergen, noko som tilseier gjennomsnittleg 32 nye smittetilfelle dagleg dei siste sju dagane

– Vi har ikkje grunnlag for å seie at vi er inne i ein nedgåande trend, sjølv om vi dei siste dagane har hatt nokre færre nye smittetilfelle, seier byrådsleiar Valhammer.

Han poengterer at ti–tolv av dei nye smittetilfella førebels har såkalla ukjend smitteveg.

Justering for offentlege arrangement

Kommunane håpar å sjå ein tydeleg effekt av tiltaka dei neste fem dagane. Dei jobbar òg med å sjå på justeringar i tiltaka for offentlege arrangement.

Dei noverande tiltaka inneber talet på personar som deltek på både private samkommer og offentlege arrangement, blir reduserte. På private samkommer kan det no maksimalt vere ti personar til stades. På offentlege arrangement kan det maksimalt vere 50 personar til stades.