Breivik krev seg prøvelauslaten og varslar nytt søksmål

Terrordømte Anders Behring Breivik krev seg lauslaten når minstetida av forvaringsstraffa er ute ti år etter 22. juli-handlingane.
innenriks

– Han har krav på domstolsprøving av prøvelauslating ved minstetid som er ti år i hans tilfelle. Dette er ein rett alle forvaringsdømte har og som han ønskjer å nytte seg av, seier advokat Øystein Storrvik, som har representert Anders Behring Breivik (41) dei siste åra til VG.

Han stadfestar at han på vegner av klienten har sendt inn kravet om lauslating. Kravet er underteikna med namna Anders Behring Breivik og Fjotolf Hansen – namnet Breivik bytte til i 2017.

– Det vil bli ei domstolsbehandling av om han skal prøvelauslatast. Det rettslege spørsmålet er om vilkåra for at han framleis skal haldast i forvaring, er oppfylte, seier Storrvik, som poengterer at Breivik har sete fullstendig isolert sidan Oslo tingrett kunngjorde dommen for over åtte år sidan.

Verken Støttegruppa 22. juli eller AUF ønskjer å kommentere nyheita om kravet eller varselet at massedrapsmannen på ny ønskjer å prøve soningsforholda sine for retten, ifølgje VG.

Kan prøve kvart femte år

Breivik vart dømt til 21 års forvaring for å ha drepe 77 menneske på Utøya og i regjeringskvartalet 22. juli 2011. Minstetida vart sett til det maksimale av kva lova tillét, som var ti år då dommen vart kunngjord. I dag er både maksimalstraff og maksimal minstetid auka betydeleg i lovverket.

Som alle forvaringsdømte har òg Breivik etter lova krav på å få ei rettsleg prøving av forvaringsvilkåra når minstetida er gått ut. Deretter har han krav på ny prøving kvart femte år, men det er ikkje noka maksimaltid for forvaringsdømte.

Det opnar for at domfelte teoretisk sett kan haldast innesperra resten av livet.

– Sjølv om 21 års fengsel er ei svært lang straff, finn retten det usannsynleg at tidsaspektet i seg sjølv vil redusere gjentakingsfaren. Etter enda soning vil tiltalte etter all sannsyn framleis ha vilje og evne til å utføre mange og svært brutale drap, sa tingrettsdommar Arne Lyng då han i dommen frå 2012 grunngav bruken av forvaring som straff mot Breivik.

Saksøkjar staten på nytt

Advokat Storrvik varslar samtidig at han òg førebur eit nytt søksmål mot staten for brot på Breiviks menneskerettar ved å underleggje han svært strenge soningsforhold. I 2015 stemna Breivik staten for brot på menneskerettane. Han fekk først delvis medhald i Oslo tingrett, men Borgarting lagmannsrett kunngjorde våren 20017 ein dom som innebar fullstendig nederlag for han.

Retten konkluderte då med at verken soningsforholda, isolasjonen eller avgrensingane på moglegheita massedrapsmannen hadde til å kommunisere ut av fengselet er i strid med menneskerettane. Breivik meinte at restriksjonane bryt med forbodet mot umenneskeleg og nedverdigande behandling, og dessutan retten til privatliv.

Høgsterett slapp ikkje anken gjennom til behandling og Menneskerettsdomstolen i Strasbourg avviste deretter klagesaka. No er det gått ytterlegare fem år sidan den første stemninga, og soningsforholda har ikkje vorte vesentleg forbetra, ifølgje Storrvik.

– Dei såkalla kompenserande tiltaka er ikkje tilstrekkelege for å kunne gjere ein så langvarig isolasjon rettsleg haldbar, seier han.