27 nye smitta i Bergen siste døgn

Det er registrert 27 nye koronasmittetilfelle i Bergen sidan tysdag. Det er to fleire enn kva som vart registrert dagen før.
innenriks

Det er til no registrert 1.272 stadfesta smittetilfelle i Bergen, noko som tilseier gjennomsnittleg 32 nye smittetilfelle dagleg dei siste sju dagane, opplyste byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) på ein pressekonferanse onsdag.

– Vi har ikkje grunnlag for å seie at vi er inne i ein nedgåande trend, sjølv om vi dei siste dagane har hatt nokre færre nye smittetilfelle, sa han.