Professor reagerer på at munnbind ikkje blir tilrådd i Bergen

Koronasituasjonen i Bergen er bekymringsfull, meiner professor som reagerer på at det ikkje blir tilrådd munnbind fordi utbrotet er i eit avgrensa studentmiljø.
innenriks

– Å sjå på studentar som ei klyngje blir feil. Dei reiser, er på utestader og er med venner og familie. Dei brukar kollektivtrafikk kanskje meir enn nokon andre, seier Gunnar Kvåle, professor emeritus ved Senter for internasjonal helse ved Universitetet i Bergen, til VG.

Bergen kommune har ikkje gått ut med ei generell tilråding om bruk av munnbind og grunngitt det med at utbrotet er avgrensa. Folkehelseinstituttet (FHI) har òg berre gitt ei tilråding om munnbindbruk på kollektivtrafikk i Oslo.

– No er situasjonen meir bekymringsfull enn før helga. Sjølvpålagt karantene er greitt, men vi anar ikkje korleis dette blir følgt opp. Munnbind blir berre endå viktigare med så mange nye som er smitta, seier Kvåle.

(©NPK)