Person smitta om bord på Viking Star i Ålesund

Ein person i mannskapet på Viking Star i Ålesund har testa positivt for koronaviruset, ifølgje TV 2. Det skal ha vore minimal kontakt mellom mannskapet om bord.
innenriks

– Det har vore minimalt kontakt mellom mannskapet om bord, og den er no ytterlegare avgrensa til alle har vorte testa, seier pressekontakt Jon Mørland for Viking Cruises i Noreg til TV 2.

Det er ingen andre personar om bord med symptom på covid-19, ifølgje Mørland.

Personen er ein del av mannskap på skipet, som totalt har 105 personar om bord, ifølgje pressemeldinga.

Fungerande kommuneoverlege Aleksander Linge Sommerdalen seier til TV 2 at personen kom om bord på skipet 17. juli og kom frå utlandet.

Uklar smittekjelde

Cruiseskipet har lege i opplag til kai i Ålesund sidan 18. mai på grunn av koronapandemien, ifølgje Ålesundregiones Hamnevesen. Skipet har ikkje hatt passasjerar sidan 15. mars. For å hindre smitte har ikkje mannskapet vore på land etter at den vanlege cruisedrifta vart innstilt.

– Så lenge skipet har vore i opplag, har mannskapet vore isolert på båten. Det er uklart korleis personen har vorte smitta, seier Sommerdalen.

No vil alle dei 105 personane om bord bli koronatesta. Kommunen mistenkjer ikkje smittespreiing frå skipet.

Fire ålesundarar i karantene

Kommunikasjonssjef Christine Rørvik stadfestar overfor NTB at dette er første registrerte smittetilfelle i Ålesund sidan 7. juli. Totalt har 36 personar fått påvist koronavirus i kommunen.

Frå før sit òg fire personar frå Ålesund i karantene etter å ha vore på tur med hurtigruteskipet MS Roald Amundsen.

To av dei som var med på den første turen, går ut av karantene onsdag dersom siste test for koronaviruset er negativ, stadfestar kommunikasjonssjefen.

(©NPK)