Farevarsel på Austlandet på grunn av styrtregn

Det blir venta kraftige regnbyer på delar av Austlandet tysdag ettermiddag, og meteorologane har sendt ut farevarsel på gult nivå.
innenriks

På sørlege delar av Austlandet kan det lokalt komme mellom 15 og 20 millimeter regn på ein time og mellom 25 og 35 millimeter på tre timar.

Det kan òg komme tore og lyn, hagl og kraftige vindkast, varslar meteorologane.

Det er fare for både flaum, jord- og flaumskred og stengde vegar, og det kan òg bli lokalt vanskelege køyreforhold på grunn av overvatn og fare for vassplaning.

(©NPK)