Dieselutslepp frå oppdrettsanlegg

Politi og brannvesen er på Grytøya i Harstad etter at om lag 5.000 liter diesel har leke ut ved oppdrettsanlegget Dypingen eigd av Nordlaks.
innenriks

Nordlaks skriv i ei pressemelding at det dreier seg om rundt 5.000 liter diesel som har leke ut frå ein fôrflåte som ligg mellom Grytøya og Bjerkøya i Troms.

– Kystverket og lokalt brannvesen vart varsla om hendinga, og sistnemnde leiar no operasjonen som også involverer mannskapa våre. Vinden har ført utsleppet i land over eit strekk på om lag ein kilometer rett i nærleiken av lokaliteten, seier kommunikasjonssjef Lars Fredrik Martinussen i Nordlaks.

Han legg til at det blir jobba med å samle opp utsleppet. Arbeidet med å leggje ut absorbentar i fjøresona er i gang, og det blir meldt at verknaden er god, opplyser selskapet. Det er observert diesel på havoverflata i området, og det er rekvirert lensar for å få kontroll på dette.

På grunn av vindretninga skal ikkje fisken ved anlegget ha vorte påverka.

– Det er svært beklageleg at det har leke ut diesel frå anlegget vårt, og at dette har hamna i sjøen. I tillegg til å rydde opp jobbar vi òg med å finne årsaka til at utsleppet har skjedd, seier Martinussen.

(©NPK)