VG: 26 personar har komme ulovleg til Noreg

Ifølgje VG har minst 26 utanlandske statsborgarar komme seg ulovleg inn i Noreg via Finnmark sidan 1. juni.
innenriks

Tala er henta inn frå dei ulike politidistrikta ved grensa, fortel VG.

Sidan forskrifta om bortvisning av utlendingar utan lovleg opphald i Noreg tok til å gjelde i mars, har minst 3987 personar vorte stansa ved grensa.

I tillegg er minst 26 personar viste bort etter å ha komme seg inn i landet, skriv VG.

Talet på kor mange som har prøvd å krysse grensa, har auka kraftig den siste tida. Berre sidan 1. juni har minst 1.864 prøvd å komme seg inn.

(©NPK)