Svekt lønsemd for norske aviser

Trass i auke i digitale inntekter går lønsemda for norske aviser ned. Det kjem av høgare kostnader og nedgang i inntekter.
innenriks

Dei samla driftsinntektene til avisene gjekk ned 73 millionar kroner, eller 0,6 prosent, i 2019, viser tal frå Medietilsynet.

Kombinert med ein svak auke i driftskostnadene vart driftsresultatet om lag 22 prosent lågare enn i 2018. Det samla driftsresultatet for avisene var på 644 millionar kroner i 2019.

Papiravisene et av inntektene

Avisene har mista 1,3 milliardar kroner i driftsinntekter dei siste fem åra, noko som svarar til 10 prosent. Samtidig er kostnadene reduserte med 1,2 milliardar kroner, også det 10 prosent.

Annonseinntektene gjekk ned i 2019, men brukarinntektene auka. Også dei digitale inntektene auka, men vog ikkje opp for inntektsfallet knytt til papiravisene.

– Her ser vi eit tilbakefall frå 2018 då dei digitale inntektene til avisene auka meir enn inntektsfallet på papir, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Må satse digitalt

Mange aviser er framleis avhengige av inntekter frå papirutgåvene. 71 prosent av inntektene til avisene kom i 2019 anten frå abonnement på papiravisa eller abonnement på både nett- og papirutgåva.

Ifølgje Medietilsynets økonomirapport er aviser som får produksjonstilskot, ofte små aviser, i mindre grad digitaliserte enn aviser med stort opplag og høge inntekter. Medietilsynet meiner òg dei små avisene må sørgje for å ha eit godt digitalt tilbod dersom dei vil nå lesarane framover.

Ventar inntektsfall i 2020

Koronakrisa har ført til eit betydeleg fall i annonseinntektene for heile mediebransjen i 2020, og Medietilsynet ventar derfor at inntektsfallet for avisene blir forsterka i år.

– Mange aviser rapporterer om ytterlegare inntektsbortfall på grunn av koronasituasjonen, men det er for tidleg å slå fast kor store tapa blir i 2020, seier Velsand.

Esa skal no godkjenne den mellombelse kompensasjonsordninga frå regjeringa for koronaramma medium, som har ei ramme på 300 millionar kroner. Medietilsynet opnar for søknader til ordninga frå 4. august.

– Vi legg opp til ei rask behandling og har som mål å betale ut kompensasjonen innan utgangen av august, seier Velsand.

(©NPK)