Sp-leiaren ber om geografiske tilpassa koronatiltak

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum fryktar at tilliten til koronatiltaka frå styresmaktene forsvinn viss det ikkje kjem unntak for område med låg smitte.
innenriks

Overfor Aftenposten omtalar Vedum det som uforståeleg at alle delar av landet skal ha dei same restriksjonane. Han meiner det er eit alvorleg feilgrep.

– Nordmenn er svært lovlydige. Men når det nærast er fritt fram på utestader i Oslo med ingen avstand mellom folk og null moglegheit for smittesporing, medan ungar i kommunar med ingen smitte ikkje får lov til å spele fotball, då er eg redd tilliten styresmaktene har bygd opp i folket, kan rakne, seier partileiaren.

Mellom anna ber Trygve Slagsvold Vedum om at barne- og ungdomsidretten snarast må få ha full aktivitet, og han ønskjer det same for fotball på lågare nivå for vaksne.

Sp-leiaren ønskjer òg endringar i tiltaka slik at arenaer som Lerkendal, Bislett og Dyreparken i Kristiansand kan få sleppe inn langt fleire enn 200 menneske, føresett at dei har fleire inngangar og kan delast opp i soner.

(©NPK)