Siv Jensen kraftig ut mot hjelpeskip i Middelhavet

Frp-leiar Siv Jensen tek til orde for å straffeforfølgje organisasjonar og reiarlag viss dei, slik ho ser det, bidreg til menneskesmugling i Middelhavet.
innenriks

Til VG seier Jensen at ho har sett seg lei på Ocean Viking-saka.

– I praksis er dette eit kynisk politisk spel, og hjelpeorganisasjonar er faktisk med på å sponse menneskesmugling, noko òg reiarlag som leiger ut skip til denne verksemda, har ansvar for, seier Frp-leiaren.

Utspelet kjem i kjølvatnet av nødssituasjonen på redningsskipet Ocean Viking i helga, som har hatt 180 migrantar om bord. Migrantane vart redda opp av skrøpelege båtar i Middelhavet mellom 25. og 30. juni.

Skipet er eigd av norske Hoyland Offshore. Dagleg leiar i reiarlaget, Trym Jacobsen er usamd i kritikken.

– Dette må vere første gong livredning blir gjort til noko moralsk gale. Det kan vi ikkje anerkjenne. Når menneske er i ferd med å drukne, er det ei plikt å hjelpe, uavhengig av politisk eller religiøs ståstad, seier Jacobsen til VG.



(©NPK)