Bergensbanen opna etter straumproblem

Bergensbanen mellom Arna og Trengereid er opna igjen etter straumproblem. Reisande må framleis rekne med forseinkingar ei tid framover.
innenriks

Det opplyser Bane Nor klokka 10.30.

Banen vart stengd ved 8-tida tysdag. Det vart meldt om røyk ved inngangen til ein tunnel ved Trengereid, men då brannvesen og politi kom til staden, var det verken røyk eller flammar der.

(©NPK)