Det opplyser Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding onsdag.
Herner vart meld sakna onsdag 21. november 2018. Leivningar vart funne i fjellterrenget ovanfor Ørsta 5. juni. Det er tidlegare slått fast gjennom DNA-analysar at det var den sakna polske kvinna som var funnen.
– Det er rimeleg å gå ut frå at dødsårsaka er knusingsskadar etter fall frå stor høgd. Likevel kan ikkje politiet med visse konkludere kva som var dødsårsaka sidan ikkje alle leivningane er funne, seier politiinspektør Yngve Skovly.
Politiet vil derfor halde oppe søk under fjellpartiet Nivane.