– Frå i dag er det ikkje berre eit råd om å teste, men eit pålegg om å teste svenske helsearbeidarar, seier statssekretær Inger Klippen (H) i Helse- og omsorgsdepartementet til NRK.
Laurdag vart det kjent at ein svensk vikarlege ved Nordfjord sjukehus hadde gått på jobb med koronasmitte. Legen skulle eigentleg ha vore i ti dagars karantene fordi vedkomande kom frå Sverige, men fekk fritak frå karanteneplikta.
Legen har smitta ein sjukepleiar ved sjukehuset og ein pasient frå Stryn.
(©NPK)