Svært høg aktivitet på Oslo Børs under koronakrisa

I første halvår har det på Oslo Børs vore mykje høgare aktivitet enn vanleg, skriv Finansavisen.
innenriks

– Viss vi ser på gjennomsnittet for handlar per dag hittil i 2020, ligg dette 68 prosent over gjennomsnittet for 2019, opplyser kommunikasjonssjef Geir Harald Aase på Oslo Børs til avisa.

I pengar er omsetninga 51 prosent over fjoråret så langt, og særleg i mars, då landet stengde ned, var handelen høg.

– I snitt vart det omsett aksjar for 9,8 milliardar kroner kvar dag fordelt på 282.000 handlar i mars, seier Aase.

Ifølgje han er det den travlaste månaden på Oslo Børs nokosinne, om ein måler i talet på handlar.

– Men det var ikkje berre vi som opplevde rekordaktivitet. Andre børsar hadde òg uvanleg høg handel i mars, seier Aase.

Også aksjeomsetninga har vore høg det siste kvartalet. Selskapa på Oslo Børs har så langt i 2020 henta 18,1 milliardar kroner i emisjonar.

(©NPK)