Det er til fag som teologi, diakoni, kyrkjemusikk og kyrkjeleg undervisning søkjartala er rekordhøge. Til saman har 182 personar søkte seg til studiar innan desse fagfelta, opp frå 143 i fjor.
Størst er oppgangen innan diakoni, frå 39 til 68 søkjarar.
Det er likevel framleis ein lang veg å gå. Det er nemleg venta at omtrent kvar tredje prest vil gå av med pensjon dei neste ti åra, og generelt er alderen for yrkesgruppa høg.
– Vi har ein stor jobb å gjere også dei neste åra, og vi ser at rekrutteringssatsing nyttar. Vi trur denne spesielle våren får mange til å sikte seg inn mot arbeid med menneske og verdiar, seier Kyrkjerådets leiar Kristin Gunleiksrud Raaum.
(©NPK)