Regjeringa endrar i koronahjelpa til bedrifter

Kompensasjonsordninga for bedrifter blir justert slik at fleire bedrifter kan få stønad. Det kjem mellom anna sesongbedrifter til gode.
innenriks

Regjeringa forlengjer stønadsordninga til å gjelde ut august, samtidig som den gjer fleire justeringar. Mellom anna gjeld det kravet om at bedrifta må ha betalt ut løn til minst éin tilsett i februar eller mars i år. No held det at éin tilsett har fått utbetalt løn i bedrifta i minst éin kalendermånad mellom august i fjor og mars i år. Dermed kan bedrifter som har stengt om vinteren, også søkje stønad.

Eigendelen blir teken bort for månadene mai, juni, juli og august, opplyser Finansdepartementet. Han er allereie redusert frå 10.000 kroner i mars til 5.000 kroner i april.

Samtidig senkar regjeringa det maksimale tilskotet kvar bedrift kan få, frå 80 millionar kroner i vårmånadene til 70 millionar kroner i juni og juli. I august blir maksbeløpet endå lågare: 50 millionar kroner. Også kor stor del av kostnadene bedriftene kan få dekt, går ned.

Regjeringa innførte onsdag òg ei ny ordning der bedrifter kan få stønad til lønskostnader dersom dei hentar permitterte tilsette tilbake til jobb i juli og august. Denne stønaden blir etterbetalt, og det blir ikkje mogleg å søkje på ho før i oktober.

(©NPK)