Raja ber nordmenn oppdage norske kulturinstitusjonar i sommar

Kulturminister Abid Raja (V) ber nordmenn dra innom norske museum og kulturinstitusjonar på ferie. – Dei ligg som perler på ei snor, seier han.
innenriks

– Det kjem folk frå heile verda og bruker titusenvis av kroner på å besøkje desse musea. Dette har du i di eiga bakgate, og i år må du nytte sjansen, seier Raja til NTB.

Han legg til at mange av desse musea ligg langs vegane nordmenn skal bruke til bilferie i sommar.

Tysdag var kulturministeren på Kistefos Museum på Jevnaker. Museet har både samtidskunst og ein skulpturpark. Museet var grunnen til at Jevnaker vart nemnt som ein anbefalt stad å dra av den amerikanske storavisa New York Times.

– Her kan ein oppleve mange ting samansett, seier Raja.

Skal besøkje Kultur-Noreg i juli

Gjennom mesteparten av juli månad skal han innom ei rekkje andre museum og kulturinstitusjonar i Noreg. Mellom anna har statssekretær Gunhild Berge Stang (V) invitert kulturministeren til Åmot gard i Sunnfjord kommune, og Raja skal òg besøkje Skogfinsk museum på Åsnes i Hedmark.

– Slike opplevingar ligg som perler på ei snor i Noreg, men nordmenn veit eigentleg ikkje om det, fordi vi dreg gjerne til utlandet for å oppleve ting. I år slepp du å krangle med turistane for å komme inn på slike stader, seier kulturministeren.

Tilpassingsdyktige festivalar

Raja skal òg besøkje ei rekkje norske festivalar i løpet av ein sommar der dei lir under avstandsreglar og avgrensingar på besøkande. Mellom anna skal han opne Molde jazzfestival, og som vanleg skal kulturministeren innom Olavsfestdagene i Trondheim. Han skryter av festivalane som har klart å tilpasse seg den nye koronarøyndommen.

– Til dømes skal Fjellparkfestivalen i Flekkefjord ha konsertar ute på ei øy der publikum kan lytte frå båtane sine og dermed halde god avstand. Båtfolket som har høve til å svippe innom der, trur eg kan få ei magisk oppleving, skriv han i ei liste over reisetipsa sine.

Tilrådingar

Raja tilrår òg mellomalderhistorie ved Bergen Bymuseum og Håkonshallen, skjergardscruise på Statsraad Lehmkuhl, akvarium som Akvariet i Bergen, Polaria i Tromsø og Atlanterhavsparken i Ålesund, lærdom om båtbygging på Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund og moro for store og små på Norsk Luftfartsmuseum i Bodø.

– Det er som kirsebær på eit tre, det er berre å plukke dei med seg, seier kulturministeren.





(©NPK)