Nedgang i talet innlagde koronapasientar

Onsdag er 17 personar med påvist koronasmitte innlagde på norske sjukehus. Det er éin færre enn tysdag.
innenriks

Éin person får behandling med respirator – det same som dagen før, viser oppdaterte tal frå Helsedirektoratet.

14 av dei innlagde koronapasientane er innlagde på sjukehus i Helse sør-aust, medan tre pasientar er innlagde på sjukehus i Helse Midt-Noreg.

8.887 personar har fått påvist smitte av koronaviruset, ifølgje Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) onsdag formiddag.

(©NPK)