Saman med lokalpolitikarar hadde aksjonsleiar Birgit Oline Kjerstad tysdag møte med olje- og energiministeren. Kjerstad kravde full stans i utbygginga på øya utanfor Ålesund. Det kravet avviste ministeren.
Statsråd Tina Bru seier ho har medkjensle med lokalbefolkninga i saka, men stadfestar at ho likevel ikkje vil stoppe prosjektet.
– Konsesjonen er gitt for mange år sidan, og det har vore grundige prosessar. Det er vanskeleg for meg å komme til møtes ønske om at ein ikkje skal byggje det som har fått ein rett til å bli bygd ut, seier Bru til NRK etter møtet.
Vurderer rettslege skritt
Ein frustrert aksjonsleiar stadfestar overfor NTB tysdag at dei no vurderer å ta vidare rettslege skritt for å sikre stans i utbygginga.
– Advokaten meiner det er gjort såpass mange feil i denne saka at det kan vere grunnlag for å gå til retten, seier Kjerstad til NTB.
Bru: – Ikkje noko eg kan gjere no
Statsråden seier på si side at ho ikkje har nokon grunn til å tru at saksbehandlinga har vore dårleg. Ho avviser kravet om å stanse arbeidet medan ein går gjennom konsesjonen på nytt.
– Det er noko retten må avgjere dersom dei vel å ta saka til retten. Det er ikkje noko eg eller departementet kan gjere no som stoppar prosessen på Haramsøya, seier Bru.
(©NPK)