Støre avviser å danne regjering med MDG eller Raudt

Ap-leiar Jonas Gahr Støre seier at han ikkje har endra oppfatning og at han ikkje vil danne regjering med MDG eller Raudt etter valet neste år.
innenriks

I eit intervju med Klassekampen tysdag seier Støre at det er SV og Sp som er Arbeidarpartiets klare samarbeidspartnarar i ei regjering. Han seier klart nei til å danne regjering med Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) eller Raudt etter valet i 2021.

– Ap vil utvikle den største næringa vår, MDG vil avvikle ho. Då er det vanskeleg å sitje i regjering saman, seier Støre og siktar til oljeindustrien.

Støre legg til at Raudt er eit parti som fram til no har sagt dei ikkje ønskjer å sitje i regjering, medan MDG ikkje har villa seie kva side i politikken dei tilhøyrer. Han seier partia bør gå nokre rundar med seg sjølv før han kan gi meir presise svar på moglege samarbeid i framtida.

Jonas Gahr Støre seier likevel at han ikkje har stengt døra for KrF, sjølv om partiet tok eit klart val til høgre i fjor.

– Eg har respekt for at KrF har teke sitt val. Skulle dei komme til å revurdere det valet, vil vi sjølvsagt lytte til det, seier han.

(©NPK)