Laurdag vart det kjende at ein svensk vikarlege ved Nordfjord sjukehus hadde gått på jobb med koronasmitte. I ei pressemelding tysdag opplyser Helse Førde at ein sjukepleiar ved sjukehuset har testa positivt for covid-19. Sjukepleiaren er no i heimekarantene.
Pasientane som har vore i kontakt med den smitta legen, har så langt testa negativt.
Sjukepleiaren gjekk ytterlegare to vakter på sengeposten etter å ha jobba med den svenske vikarlegen. Dette fører til at fleire pasientar må isolerast på einerom og testast.
Direktør for medisinsk klinikk, Trine Hunskår Vingsnes, seier at arbeidet med å spore pasientar og tilsette som sjukepleiaren har hatt kontakt med, starta måndag kveld.
– Det blir òg sett inn tiltak for å avgrense ytterlegare smittespreiing, seier Vingsnes.
Sjukehuset tek inntil vidare ikkje inn pasientar på medisinsk sengepost eller overføring frå andre sjukehus.
Som hovudregel skal alle svenske arbeidarar gå i karantene i ti dagar før dei byrjar å jobbe i Noreg, men det er mogleg å gjere unntak for grupper som helsepersonell. Fram til førre veke har det ikkje vore krav om å teste desse for korona, men dette har Folkehelseinstituttet no endra på.
(©NPK)