Sjukehuset Østfold må utvide

Mindre enn fem år etter at Sjukehuset Østfold opna utanfor Sarpsborg, fastslår leiinga at institusjonen til 6 milliardar kroner er for liten.
innenriks

– Dei tilsette hadde rett heile tida, og eg er glad vi no har ein rapport som viser det, seier administrerande direktør Hege Gjessing ved Sjukehuset Østfold til NRK.

89.000 kvadratmeter er ikkje nok. Relativt kort tid etter opninga i 2015 måtte personell plassere fleire pasientar i rom som var meint som einskildrom. Og i 2017 og 2018 var det høvesvis 3.700 og 4.500 korridorpasientar ved sjukehuset, ifølgje Aftenposten.

Ein privat aktør byggjer no eit stort administrasjonsbygg der sjukehuset skal leige kontorplassar. Det er òg vedteke å utvide akuttmottaket. I ein nesten 700 sider lang rapport frå Sykehusbygg kjem det dessutan fram at det mellom anna er behov for 60 nye sengeplassar.

Gjessing skal nå lage ein plan for korleis kapasiteten kan utvidast. Det kan ende med nybygging eller ei betydeleg omdisponering.

– Sjukehuset er minst 20 prosent for lite. Alt er minimalt, og det er trongt overalt. Det gjer drifta mindre effektiv, slit på dei tilsette og gir dårlegare pasientbehandling, seier føretakstillitsvald Britt Fritzman i Legeforeininga.

(©NPK)