Oslo krev radikale endringar for å unngå kollektiv-smitte

Oslo kommune fryktar mange passasjerar og lite respekt for smittevernreglar på kollektivtransporten i haust. No krev kommunen strakstiltak frå regjeringa.
innenriks

– Etter kvart som samfunnet opnar opp igjen, er det stadig fleire som ønskjer å bruke meir kollektivtrafikk, og det blir umogleg å overhalde smittevernreglane, seier byråd for miljø og samferdsel, Arild Hermstad (MDG), til NRK.

Han ønskjer at kollektivtransporten skal få opne for auka kapasitet gjennom den såkalla København-modellen. Den inneber at det berre er ansikt-til-ansiktskontakt på bussen som skal unngåast og opnar ifølgje Hermstad for 70 prosent kapasitet i staden for 35–40 prosent, som Oslos kollektivtransport opererer med i dag.

(©NPK)