Oljeprisen trekte Oslo Børs ned

Hovudindeksen på Oslo Børs enda ned med 0,6 prosent til 795,22 poeng tysdag. Norwegians opptur var ikkje nok til å dempe fallet som var påverka av oljeprisen.
innenriks

Nyheita om at Norwegian kansellerte sine 97 flybestillingar hos flygiganten Boeing førte til at aksjen raskt skaut i vêret då børsen opna, men ved børsslutt hadde aksjen, som steig over 8 prosent på det meste, konsolidert seg og enda opp med meir ordinære 2 prosent.

Verre gjekk det for konkurrenten SAS. Ifølgje E24 stupte aksjen til SAS med heile 13,35 prosent etter nyheita om at Danmark, Sverige og Wallenberg-familien er blant dei som går inn i ein ny emisjon i selskapet. SAS-aksjen er likevel ikkje ein del av utvalet på hovudindeksen.

Norwegian-oppturen var ikkje nok til å dempe fallet til børsen sidan oljeprisen fall med nesten 1 prosent til ein pris av rundt 41,3 dollar for eit fat nordsjøolje.

Betre vart det heller ikkje av at tungvektarar som Equinor, DNB og Telenor alle fall, med høvesvis 2,4 prosent, 2 prosent og 1,3 prosent.

Mest omsett tysdag vart hydrogenselskapet Nel.

Dei tonegivande europeiske aksjeindeksane hadde ein varierande dag. DAX 30 i Frankfurt steig med 0,3 prosent, medan FTSE 100 i London fall med 1,1 prosent og CAC 40 i Paris enda ned med 0,6 prosent.

(©NPK)