Nkom om ESAS milliardgebyr til Telenor: – Ikkje overraskande

Etaten Nkom er ikkje overraska over ESAS milliardgebyr til Telenor og kallar handlingane til teleselskapet for alvorleg misbruk av dominerande marknadsstilling.
innenriks

– Nkom har følgt saka sidan ESA starta arbeidet i 2012, og vi er ikkje er overraska over ESAS konklusjon, seier fungerande direktør John-Eivind Velure i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) i ei pressemelding.

Den statlege etaten Nkom, som mellom anna regulerer og overvaker telekommunikasjonssektoren, meiner at Telenor med den sterke stillinga si i marknaden må ta eit særleg ansvar for å hindre konkurranseproblem.

– Nkom ser alvorleg på Telenors misbruk og konsekvensane dette har hatt for den norske mobilmarknaden, skriv etaten.

Efta-tilsynet Esa ila tysdag Telenor eit gebyr på 1,2 milliardar kroner for å ha misbrukt marknadsmakta si. Teleselskapet ankar vedtaket.

– Vi registrerer at Telenor vil anke ESAS vedtak til Efta-domstolen. Det vil derfor gå noko tid før endeleg punktum kan setjast i saka, seier Velure.

Tilsynsorganet ESA konkluderte med at telekomgiganten i åra 2008–2012 brukte posisjonen sin i grossistmarknaden til å prise tenester slik at utfordrarane ville tape pengar på å selje mobilt breiband til nettbrett og berbare Pc-ar.

(©NPK)