Mulla Krekar overført til fengsel på Sardinia

Mulla Krekar er overført frå Roma til eit høgtryggingsfengsel på Sardinia, der han må følgje ankesaka si via videolink, melder TV 2.
innenriks

Førstkommande fredag startar ankesaka i byen Bolzano i Nord-Italia. I den første rettssaka vart Krekar dømd til tolv års fengsel for terrorplanlegging.

Krekar vart utlevert frå Noreg 26. mars i år.

(©NPK)