Landbruksorganisasjonane misnøgd med krisepakken til regjeringa

Både Bondelaget og Småbrukarlaget er misnøgd med manglande satsing på landbruk i den tredje tiltakspakken til regjeringa.
innenriks

Bondelaget ønskjer ein eigen krisepakke til landbruket, medan Småbrukarlaget krev ekstra pengar til ombygging av mjølkefjøs og grøfting av jordbruksareal.

– Det handlar om å dekkje ekstraordinære kostnader på grunn av korona, noko som mellom anna vil påverke grøntavlingane i år og grøntproduksjonen framover, seier leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag.

Noregs Bonde- og Småbrukarlag hadde spelt inn at det skulle brukast pengar på prosjekt til å auke sysselsetjinga og sjølvforsyningsgrada.

– Her hadde vi forventa at det skulle komme pengar til mellom anna opprusting av jordbruksareal, grøftar og driftsbygningar. Behovet er stort og det vil gi arbeid til lokale entreprenørar, seier leiar Kjersti Hoff.

(©NPK)