Nær ein halv million nordmenn kan miste tilgang til TV 2-kanalar

Get-kundar kan miste tilgangen til TV 2-kanalar dersom partane ikkje blir samde om ein ny avtale innan 31. mai. Forhandlingane blir omtala som vanskelege.
innenriks

Kommunikasjonsdirektør Sarah Willand i TV 2 seier til VG at betalingsviljen i Telia, som eig Get, er låg.

– Dei har kome til bordet med forventningar om å betale mindre for meir innhald. Hovudkanalen vår har aldri gått i brot før, men vi kan ikkje gi bort innhaldet vårt, seier ho.

Telias kommunikasjonsdirektør Henning Lunde kallar prisforslaget frå TV 2 ekstremt.

– Eg kan ikkje gå inn på eksakte summar, men det vart nesten litt useriøst. Dette utan at det er snakk om meir innhald og valfridom for kundane våre, seier han.


(©NPK)