Færre røykjarar, men fleire snusarar i Noreg

Dei siste fem åra har det vore ein nedgang i delen nordmenn som røykjer dagleg. Delen som snusar, har likevel auka, melder Statistisk sentralbyrå (SSB).
innenriks

Delen nordmenn som snusar dagleg, har auka frå 10 til 14 prosent frå 2015 til 2019, medan delen som røykjer dagleg, har falle frå 13 til 9 prosent denne perioden, opplyser SSB.

Dette er den stabile trenden for tobakksbruk i Noreg dei siste åra. Statistikken blir lagd fram i samband med verdas tobakksfrie dag 31. mai.

Bruk av e-sigarettar er lite utbreitt i Noreg. Dei siste fem åra har i gjennomsnitt 1 prosent av folket brukt e-sigarettar eller fordampar dagleg, medan 2 prosent bruker det av og til.

SSB har òg samanlikna den norske delen røykjarar med andre land i OECD.

Noreg hamnar då på femteplass over landa med lågast del daglegrøykjarar blant dei mellom 16 og 74 år, med 11 prosent. Mexico, Island, Sverige og USA har ein lågare del enn Noreg.

Delen er størst i Spania, der 22 prosent av folket røykjer dagleg.

(©NPK)