35 personar innlagde på sjukehus med påvist koronasmitte

35 pasientar med påvist koronasmitte er innlagde på sjukehus i Noreg, noko som er ti færre enn fredag.
innenriks

Sju pasientar får behandling i respirator. Det er éin færre enn fredag, opplyser Helsedirektoratet.

Flest, 26 pasientar, er innlagde i Helse sør-aust, fire er innlagde i Helse Midt-Noreg, tre i Helse nord og to i Helse vest.

Blant helseføretaka er flest innlagde ved Oslo universitetssjukehus med elleve pasientar. Tre er innlagde ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg og to ved St. Olavs hospital.

Det var ved midnatt registrert 8.332 tilfelle av koronasmitte i Noreg, ifølgje tal frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS).