Oslo Børs opnar med tydeleg fall

Hovudindeksen på Oslo Børs går tydeleg ned frå start etter at oljeprisen har stupt i natt og morgontimane. Alle dei største selskapa fell.
innenriks

Etter 20 minutts handel er hovudindeksen ned med 2,1 prosent.

Det kjem etter at oljeprisen natt til fredag fall som ein reaksjon på at Kina sa at dei på grunn av pandemien ikkje vil setje noko økonomisk vekstmål for i år. Det vart tolka som at dei vil investere mindre i infrastruktur, noko som i sin tur kan innebere at etterspurnaden etter olje vil falle. Fredag morgon blir eit fat nordsjøolje selt for like over 34 dollar fatet, etter å ha hatt ein verd på 36 dollar før dei kinesiske utsegnene.

Som følgje av dette har òg den norske kronekursen svekt seg gjennom natta.

Alle dei største selskapa på Oslo Børs fell fredag morgon. Equinor går ned med rundt 5 prosent, Telenor går ned 0,7 prosent, medan DNB går ned 2,7 prosent. Flyselskapet Norwegian stig på si side med i overkant av 10 prosent.

Samtidig har Hongkong-børsen falle kraftig fredag etter at Kina har lagt fram ei ny tryggleikslov som kan ramme dei demokratiske rettane byen har hatt. 40 minutt før stenging er Hang Seng-indeksen ned rundt 5 prosent.

(©NPK)