KrF fekk ja til full sal på Stortinget – pleksiglas mellom representantane

Det blir full sal på Stortinget når forslaget frå opposisjonen om ei liberalisering av bioteknologilova blir behandla, med pleksiglas mellom representantane.
innenriks

Det er Kristeleg Folkeparti som har kravd full sal under behandlinga av saka, i håp om at enkelte representantar frå Framstegspartiet skal stemme mot eige parti.

For å hindre koronasmitte har stortingspartia til no vore samde om at berre 87 av dei 169 representantane til kvar tid skal vere til stades ved møtestart og votering, i same styrkeforhold som når det er full sal.

For å ta vare på smittevernet ved full sal skal det monterast pleksiglas mellom seta.

Høg kostnad

Pleksiglasløysinga vil koste 225.000 kroner, opplyser presidentskapet. Kostnaden får Framstegspartiets leiar Siv Jensen til å reagere.

– Eg synest det er uhøyrd å bruke ein kvart million på eit mellombels tiltak vi eigentleg ikkje treng. Vi har klart å ha gode voteringar i Stortinget i fleire veker. Med kravet frå Ropstad har ikkje presidentskapet noko val, men det er heilt ellevilt å bruke så mykje av pengane til skattebetalarane, seier Jensen til TV 2.

SVs helsepolitiske talsperson Nicholas Wilkinson skuldar KrF for å utsetje alle som jobbar på Stortinget, for smittefare.

– KrF bruker velferdskronene våre for ei symbolsk markering i ei sak som dei allereie har tapt. Dette er sutring, seier han.

KrF vil blokkere

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad er for delen sin glad for at avstemminga lèt seg gjennomføre med full sal.

– Spesielt når vi har indikasjonar på at det er mogleg at vi kan få eit fleirtal mot forslaga, seier han.

Ropstad legg til at det aller beste hadde vore å vente med behandlinga av saka.

– Det beste hadde sjølvsagt vore om Frp, SV og Ap ikkje hadde insistert på å hastebehandla desse radikale endringane i bioteknologilova. Det er heilt uansvarleg i ei så krevjande sak som dette.

Arbeidarpartiet reagerer på at Ropstad kallar dette for ei hastebehandling.

– Datoen for denne behandlinga har vore kjend i fleire veker, så det er heilt feil å kalle dette for ei hastebehandling. Hastverk er det Ropstad som står for, i eit desperat forsøk på å endre eit breitt fleirtal, seier helsepolitisk talsperson Ingvild Kjerkol.

Har vurdert fleire løysingar

Stortingspresident Tone W. Trøen (H) forsvarer avgjerda til presidentskapet.

Ho viser til at presidentskapet har gjort ei grundig vurdering av andre alternativ, som å votere puljevis eller å votere på ulike stader. Men slike løysingar vil føre til at voteringane tek svært lang tid – opptil fleire timar.

– Vi har falle ned på at den beste løysinga er at alle er til stades i salen samtidig. Då bruker vi òg voteringsanlegget, som gjer at det går raskare, men òg at vi sikrar at det blir registrert kven som stemmer kva, seier Trøen til NTB.

Trøen legg til at pleksiglaset blir ståande etter voteringa.

– Ein sit veldig tett i salen allereie i dag. Når vi først går til dette steget, kan det vere noko vi kjem til å bruke utover, seier ho.

Knapt fleirtal

Frp, Ap og SV har fleirtal på Stortinget, men fleirtalet er knapt. Dei tre partia har 86 representantar, medan grensa for fleirtal går ved 85 stemmer.

Allereie har Sylvi Listhaug, Christian Tybring-Gjedde og Per-Willy Amundsen varsla at dei vil vurdere å gå imot delar av forslaget. Det kan bety at fleirtalet vippar tilbake på fleire punkt. I tillegg jobbar KrF med å få den uavhengige representanten Ulf Leirstein til å stemme med stortingsgruppa deira, ifølgje TV 2. Han har likevel ikkje bestemt seg enno.