Due sleppt for pressefridomen

For å setje søkjelyset på pressefridom sleppte styreleiar Kjersti Løken Stavrum i Norsk Pen ut ei due frå Nobels Fredssenter fredag ettermiddag.
innenriks

Sidan 8. mai har det vore dueslepp på Nobels Fredssenter. Duene blir sleppte saman med ei god nyheit som viser at verda går framover.

Kjersti Løken Stavrum kom med vekas gode nyheit, som var at Noreg toppar den årlege pressefridomsindeksen frå Reporterar utan grenser. Indeksen måler sjølvstendet til medium, fridomen til journalistar og kåra for ytringsfridomen i 180 land. Indeksen vart offentleggjord 3. mai.

– Krisa vi er i no, viser kor viktig det er å ha tilgang på fakta og truverdige nyheiter og kor farleg spreiing av falske nyheiter kan vere, seier Løken Stavrum i ei pressemelding.

Duene som kvar fredag flyg frå Nobels Fredssenter, tilhøyrer Norges Brevdueforbund. Dei blir frakta til Nobels Fredssenter av sin eigen eigar. Når dua blir sleppt ut, flyg ho heim til dueslaget sitt ein stad i Oslo, opplyser fredssenteret.


(©NPK)