Bønder ringer med gardsklokkene for å skape håp under koronakrisa

Ein bonde i Hamar kommune har teke eit initiativ for at gardsklokker over heile landet skal ringe kvar laurdag klokka 17 .
innenriks

– Det ligg ein mektig symbolikk i at bonden no tek i bruk stabbursklokka for å varsle om at alt blir bra, seier Kari Svelle Reistad til Nationen.

Reistad er bonde på garden Storimerslund i Hamar i Innlandet. Det er ho som har teke initiativ til at gardsklokker skal ringe kvar laurdag klokka fem.

– I byane blir det spelt og sungne frå balkongane, på bygda har vi stabbursklokker. La stabbursklokkene halde konsert som verkeleg høyrest, til folket frå bonden, seier Reistad.

Initiativet kom som ein respons på at fleire biskopar oppmoda til å la kyrkjeklokkene ringe som eit teikn på håp. Sidan mange gudstenester har vorte flytta frå kyrkja til sosiale medium, har klokketårnet i landet stått stille.

– Stilla skal brytast som eit teikn på håp, seier konstituert preses i Bispemøtet, Atle Sommerfeldt, i ei pressemelding.

Han forklarer at det er eit koronaunntak, og at dei vil ringe inn helga laurdagar klokka 17 .

Gardsklokkeringinga starta førre laurdag, og frå Vang Bondelags Facebook-side har bodskapen spreidd seg til bygdelag over heile landet.

(©NPK)