Få nordmenn har tillit til at Nav klarer å handtere koronakrisa

Berre 22 prosent av dei spurde i ei undersøking svarer at dei har tillit til at Nav klarer å handtere situasjonen som har oppstått etter koronautbrotet.
innenriks

Dei siste to vekene har arbeidsløysa stige frå 2,3 til 10,4 prosent som følgje av den pågåande viruspandemien.

No viser ei ny undersøking frå Opinion at berre 22 prosent av dei spurde har tillit til at Nav klarer å handtere situasjonen.

Nesten annankvar, 47 prosent, av dei spurde som er i arbeid, har ikkje tillit til Navs evne til å handtere situasjonen, mot 38 prosent blant dei som ikkje er i arbeid.

– Dei som er i arbeidslivet, har mindre tillit til at Nav klarer å handtere situasjonen. Truleg kjem av dette at fleire no utgjer ei ny brukargruppe av Nav, medan mange andre som allereie bruker Nav slik som pensjonistar, får barnetrygd eller allereie var Nav-brukarar før korona slo inn, har større tillit til at Nav er leveringsdyktig for dei, seier seniorrådgivar Ola Gaute Aas Askheim i Opinion.

Fredag sa beredskapsleiar Yngvar Åsholt i Nav til DinSide at det så langt i 2020 har komme inn totalt 313.100 søknader om dagpengar, samanlikna med 160.500 gjennom heile 2019 og 166.600 gjennom heile 2018.

– Pågangen er enorm. I dag kan vi dessverre ikkje gi eit svar på kor lang tid det vil ta å få behandla og betalt dagpengar til alle dei som no har søkt, men vi vil komme tilbake med klarare svar så raskt som mogleg, sa beredskapsleiar Åsholt.

(©NPK)