Eldre sjukehuspasient døydde – første koronadødsfall i Telemark

Ein eldre koronapasient døydde laurdag på Sjukehuset Telemark. Dette er det første registrerte koronadødsfallet i Telemark og Vestfold fylke.
innenriks

Det melder Sjukehuset Telemark i ei pressemelding laurdag ettermiddag.

Dei opplyser samtidig at dei ikkje vil gi nokon fleire opplysningar om den døde, på grunn av personvernet og av omsyn til dei pårørande.

– Ved Sjukehuset Telemark er det tre pasientar som er innlagde med koronasmitte laurdag 28. mars, skriv sjukehuset.

Dei opplyser samtidig at sju tilsette har testa positivt for viruset.