Eldre person med kronasmitte døydde på omsorgssenter i Kristiansand

Ein eldre person som var smitta av koronaviruset, døydde laurdag morgon på Ternevig omsorgssenter i Kristiansand.
innenriks

Det er det første registrerte koronadødsfallet i Kristiansand, skriv kommunen i ei pressemelding.

– Vi tenkjer først på etterletne, og venta samtidig at det første dødsfallet i kommunen av ein person som er smitta med korona, snart ville komme, seier ordførar Jan Oddvar Skisland (Ap).

Kommunen skriv at dei ikkje kan opplyse om den generelle helsetilstanden til den eldre bebuaren førr koronasmitten, anna enn at det er andre forhold som gjorde at bebuaren hadde opphald på sjukeheim.

– Smitten på Ternevig vart oppdaga tidlegare denne veka, og det har vore jobba godt og systematisk med isolering, testing og informasjon, seier kommuneoverlege Dagfinn Haarr.

(©NPK)