Virke nøgde med krisehjelp: – Regjeringa har lytta

Virke-leiar Ivar Horneland Kristensen roser den nye kompensasjonsordninga frå regjeringa. Ho gir håp til mange personar og familiar i ei vanskeleg tid, seier han.
innenriks

Fredag la regjeringa, saman med Virke, LO, NHO og Finans Norge, fram ei ordning som sikrar kompensasjon for tapte inntekter på grunn av direkte eller indirekte koronastenging.

– Kompensasjonsordninga byggjer på forslaget frå Virke. Regjeringa har lytta og viser at dei står bak orda om at dei stiller opp med det som trengst, seier Ivar Horneland Kristensen, administrerande direktør i Virke.

− Fire av fem verksemder innanfor handels- og tenestenæringa har opplevd at inntektene har stoppa opp over natta, og 180.000 personar er permitterte. Det er heilt nødvendig med tiltak som sikrar at verksemdene kan overleve. Ordninga gir håp til mange personar og familiar i ei vanskeleg tid, seier Horneland Kristensen.

(©NPK)