Vedum vil ha meir langvarig kriseordning

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner regjeringa bør vurdere å utvide ramma på den nyleg presenterte krisepakken til næringslivet frå to til tre månader.
innenriks

– Det viktigaste er at det kjem ei ordentleg ordning når ho først kjem, seier Vedum til TV 2.

– Dei seier òg at ho blir avgrensa til to månader. I Danmark er det tre. Eg lurer på om det er dumt med kort frist, og at dei heller bør setje han litt lenger, slik at det gir litt meir tryggleik, legg han til.

Stortinget skal jobbe gjennom helga med krisetiltaka.

– Då gjer vi det nok litt meir konkret, med litt hardare tingingar. Så får regjeringa jobbe ei veke til for å finne den endelege løysinga, seier Vedum.

(©NPK)