SV om krisepakke: Stortinget må gi føringar

– Det er veldig vagt, og det er veldig uklart kor mykje bedriftene blir kompenserte, seier SVs Kari Elisabeth Kaski om regjeringsforslaget til krisepakke.
innenriks

Ho meiner det òg er uklart kva som blir startdatoen for ordninga – og om ho får tilbakeverkande kraft.

– Så vil vi på Stortinget måtte gå inn i detaljane og gi nokon klare føringar. Det er òg viktig for SV å sørgje for at bedriftene som får stønad, forpliktar seg til å ikkje seie opp tilsette i støtteperioden, seier Kaski, som er SVs finanspolitiske talsperson, til NTB.

Ho saknar òg svar på kor stor dekningsgrad ordninga skal ha. Ho legg til at også huseigarane må vere med på å ta ein del av rekninga.

(©NPK)