Raudt om krisepakke: Krev nedsett husleige

Raudt krev nedsett husleige som ein del av den nye krisepakken til regjeringa – og går til angrep på «milliardærar som insisterer på å halde fram som før».
innenriks

Raudt-nestleiar Marie Sneve Martinussen meiner det er bra at det kjem ei brei kompensasjonsordning, men meiner regjeringa må gi ei endå tydelegare melding, spesielt til mellom anna frisørar, tatovørar, seriøse aktørar i utelivsbransjen om at jobbane vil bli redda.

– I tillegg manglar det eitt viktig prinsipp. Nemleg at alle må bidra i dugnaden. Sjølv om mange no vil bidra, ser vi milliardærar som insisterer på å halde fram som før. Det held ikkje med gode intensjonar i møte med globale eigedomsfond som krev husleiga si, seier Marie Sneve Martinussen.

(©NPK)