NHO-sjefen: – Ein tsunami over norske bedrifter

Den nye krisepakken til bedriftene vil gjere at bankar, leverandørar og utleigarar kjem lettare på banen, meiner NHO-sjefen.
innenriks

– Ein tsunami har rulla innover norske bedrifter. Nokon har mista alle inntektene sine over natta, og det blir verre, seier administrerande direktør Ole Erik Almlid i NHO.

Han understrekar at det ikkje går an å løyse krisa med lån, men at det må til kontantar på bordet.

– Pengane frå staten er heilt nødvendige. Skaper vi tryggleik for at bedriftene kan klare seg gjennom dette, vil òg bank, leverandørar og utleigarar lettare kunne stille opp, seier Almlid.

Han oppmodar bedriftene om å hjelpe og ta vare på kvarandre i den krevjande situasjonen.

– Dei som har moglegheit, må bestille varer og tenester av kvarandre, seier Almlid.

Han understrekar at det blir jobba intenst for å avgjere store og små spørsmål, slik at ordningar er oppe og går så raskt som i det heile mogleg.

40 prosent av NHO-bedriftene fryktar konkurs som følgje av koronakrisa.

– Vi har teke til orde for ei enkel løysing, fordi pengane må kome raskt. Ei gjennomførleg løysing i dag heller enn ei perfekt løysing om ein månad. Då vil det rett og slett vere for seint for mange, seier administrerande direktør Anne-Cecilie Kaltenborn i NHO Service og Handel.

(©NPK)