MDG: Staten bør dekkje minst 80 prosent av dei faste utgiftene til bedriftene

MDG meiner det hastar med at regjeringa klargjer kor mykje staten dekkjer av dei faste utgiftene til dei koronaramma bedriftene.
innenriks

– MDG meiner at bedrifter som er pålagde å stengje, burde få dekt minst 80 prosent av dei faste kostnadene sine av staten, seier Une Bastholm, stortingsrepresentant og nasjonal talsperson for Miljøpartiet Dei Grøne, om den nye kompensasjonsordninga frå regjeringa.

– For oss er det viktig at ordninga blir rettferdig. Ein frisør eller kafé som driv på marginane, må få meir av kostnadene sine dekte enn store, solide bedrifter som permitterer. Vi må bidra mest til dei som blir råka hardast.

MDG ber òg regjeringa sikre at ordninga blir gitt tilbakeverkande kraft slik at bedriftene får dekt faste kostnader heilt frå omsetnaden stansa tidlegare i månaden.

(©NPK)